Bodhi Pilates

Pilates- og pilateskurs

  • Email
  • Facebook
  • LinkedIn
  • YouTube
  • Blogg
    • Kva er pilates?
  • Studio/Timeplan
    • Matte
    • Apparat
    • Privattimar
    • Bedrift
    • Utdanning/kurs
      • Søknadsskjema
  • Oss og Kontakt
    • Bodhi Pilates
    • BCP-instruktørar
  • Medlemssida
Du er her:Hjem / Matte

Matte

Bódhi Pilates tilbyr gruppetrening på matte for nybyrjarar, øvde og vidarekomne. Inndelinga i tre trinn gjer at du kan velje den pilatestimen best passar ditt ferdigheitsnivå. På den måten vil du få god progresjon og maksimal treningseffekt frå fyrste treningsøkt. Gruppetimane varar 1 time med tid til uttøying etter timen. For å kunne fylgje deg mest mulig opp, har vi satt eit tak på maksimalt 12 personar per gruppe.

På dei to fyrste trinna leggast det opp til individuell tilpasning med graderte øvingar. Her trenar ein inn ulike deløvingar for å etablere eit solid fundament for å etterkvart meistre dei meir avanserte, klassiske pilatesøvingane. Desse timane passar for dei fleste, uansett alder eller fysisk form.

For vidarekomne på trinn tre forutsettast det at ein kan tilpasse øvingane i større grad sjølve, for å halde tempo og flyt i timen. Desse timane inneheld meir utfordrande øvingar og har høgare intensitet.

Om du har behov for spesiellt tilrettelgde timar ta kontakt, vi har smågrupper og privattimar som kan passe deg. 

Ta gjerne kontakt om du ynskjer meir informasjon, klikk her.
Klikk her for timebestilling.

.

Følg oss på Facebook

Logg Inn

Vennlegast logg inn for tilgong.

Brukar

  • H2 _
Copyright © 2025 · Webdesign og teknisk løsning KristinSkj.