Kva er pilates?

Pilates er ei form for styrketrening for å auke styrke, fleksibilitet og kroppskontroll. Treninga gjennomførast enten på matte eller i apparat. I pilatesmetoden utviklar du først og fremst ein sterk kjernemusklatur gjennom kontrollerte kroppsrørsler. Dette innebere at du ikkje aukar muskelvolumet, men derimot får ein smidig og uthaldande musklatur.

Helsegevinsten ved pilates er både fysisk og psykisk. Vår erfaring er at du får meir overskudd og energi til daglege gjeremål. I tilegg vil du føle deg meir avslappa, som følge av at du gjennom pilatesøvingane løyser opp eventuelle muskelspenningar.

Dei rolege rørslene gjer pilates til ei ideell treningsform for rehabilitering av rygg- og nakkeskadar. Pilatesøvingane tilpassast då ditt behov for å byggje opp igjen musklaturen samtidig som ein unngår uheldig belastning. I tilegg vil pilates kunne verke forebyggande på ulike belastningsskadar ettersom du får ei betre kroppshaldning.

Pilates er i dag utbreidd over heile verda som følge av at fleire millionar menneske har trykka treningsforma til brystet. Bódhi Pilates har sidan oppstarten for 11 år sidan kunne tilby ei av verdas mest anerkjende pilatesmetodar: Body Control Pilates. Les meir.

Ta kontakt med oss i dag om du ynskjer å få meir informasjon eller bestille ein prøvetime. Klikk her.