Kva er Body Control Pilates?

Body Control Pilates (BCP) er ein velrennomert pilatesmetode utvikla av Lynne Robinson, Gordon Thomson og Pan Macmillan med basis i arbeidet til Joseph Pilates. Desse erfarte at dei klassiske pilatesøvingane til Joseph Pilates burde tilpassast den enkelte for å maksimere treningseffekten. Dei utvikla derfor eit unikt øvingsrepertoar for både matte og apparat.

BCP er ei tilnærming kor ein trenar inn ulike deløvingar for å etablere eit solid fundament for å etterkvart meistre dei meir avanserte, klassiske pilatesøvingane. På den måten opplever du meistring og maksimal treningseffekt frå dag ein. Eit bredt spekter av deløvingar gjer også at pilatestimane kan skreddarsyast til kvar enkelt person eller gruppe.

Med pilates kan du forebygge ulike belastningsskadar som følge uheldige arbeidsstillingar eller liknande. Bódhi Pilates tilbyr både gunstige bedriftsavtalar for studiotrening og skreddarsydde treningsopplegg på arbeidsplassen. For meir informasjon, klikk her.

Ynskjer du å bli pilatesinstruktør?

Lynne Robinson, Gordon Thomson og Pan Macmillan skreiv i 1995 den banebrytande boka «Body Control The Pilates Way». Året etter starta dei den fyrste pensumbaserte pilatesutdanninga i verda og har sidan utdanna nærmare tusen lærarar i Body Control Pilates. Denne utdanninga er no ei av dei mest anerkjende pilatesutdanningane i verden som følge strenge kvalitative krav. Eksempelvis er samtlige BCP-lærarar medlem av Body Control Pilates Association, ein organisasjon som sikrar at utdanninga har høgast mulig standard. No kan du ta pilateskurs og bli pilatesinstruktør i BCP gjennom Bódhi Pilates. For meir informasjon om instruktørkurs, klikk her.