Kursinnhald

Bódi Pilates kan tilby deg instruktørkurs i Body Control Pilates. Dette instruktørkurset er anerkjend som ei av verdas fremste pilatesutdanningar. I tilegg til eit norsk team, hentar vi inn dyktige og inspirerande instruktørar frå vår partnar Body Control Pilates i London. Kurset haldast kvart vår- og haustsemester med følgande struktur:

Steg # 1: Kurs
Kurset består av 13 kursdagar fordelt på 3 blokkar. Det leggast opp til eigentrening og studiar mellom dei ulike blokkane. Kurset legg vekt på anatomi, pilatesteori, praktiske ferdigheiter (øvingar) og klientvurdering.

Steg #2: Praktisk test
For å få godkjenning til praksisperiode må du demonstrere dine kunnskapar kring pilatesøvingane du har lært på kurset.

Steg #3: Praksisperiode
Du må ha minimum 50 timar praksis for å få godkjenning til å gå vidare til steg 5. Du kan også ta delar av praksisen i form av workshops, men dette er ikkje inkludert i kursprisen. For å finne BCP-instruktørar og praksisplassar, klikk her.  

Steg #4: Skriftleg eksamen
Ein 4-timars eksamen (bestått/ikkje-bestått). Og to skriftlege Essay skal leverast.

Steg #5: Praktisk eksamen
Matteundervisning ein time. Vurderast av lærar frå London, som gjev deg den formelle godkjenninga.

Utdanninga forutsett at du trenar hos ein BCP-instruktør før og under utdanninga for å bli ein best mogeleg instruktør. Etterkvart som nye studentar er ferdig utdanna, leggast desse til i nettverket av pilatesinstruktørar i Norge.

Ta gjerne kontakt om du ynskjer meir informasjon om instruktørkurset, klikk her.

Klikk for å last ned søknadsskjema:
Søknadsskjema (engelsk).
Søknadsskjema (norsk).