Instruktørutdanning i Body Control Pilates

Kva er Body Control Pilates?

Essensen av Body Control Pilates består av å trene inn ulike deløvingar for å etablere eit solid fundament for å etterkvart meistre dei meir avanserte, klassiske pilatesøvingane. På den måten opplever kunden meistring og maksimal treningseffekt frå dag ein. Eit bredt spekter av deløvingar gjer også at pilatestimane kan skreddarsyast etter behov.

Etter å ha skreve den banebrytande boka «Body Control The Pilates Way» starta Robinson og hennar kollegaer den fyrste pensumbaserte pilatesutdanninga i verda i 1996. Med Lynne Robinson i spissen har Body Control Pilates vokse fram som den marknadsleiande pilatesutdanninga i Europa.

Kvifor bør du velje Body Control Pilates?

Vårt innleiande mattekurs er truleg det mest omfattande instruktørkurset som er tilgjengeleg på marknaden. Utdanninga legg like stor vekt på pilatesteori og anatomi, som på praktiske ferdigheiter og klientvurdering. Den fagleg solide utdanninga, gjev deg ein konkurransefordel.

Instruktørkurset dekkar meir enn 100 pilatesøvingar. Mange av desse er unike for Body Control Pilates. Vi lærer deg korleis du kan vurdere klientar og tilpasse øvingane for maksimal effekt og progresjon. Du vil bli kvalifisert til å leggje opp kjekke og stimulerande timar for eit bredt spekter av klientar.

Under kurset hentar vi inn dyktige og inspirerande instruktørar frå Body Control Pilates i Noreg og London. Vi kvalitetssikrar utdanninga slik at du kan vere trygg på at du får best mogeleg utbytte. I tilegg får du tilgang til ein mentor som følgjer deg opp både under og etter kurset.

I samarbeid med SkillsActive og Register of Exercise Professionals har treningsindustrien etablert ein bransjestandard. Body Control Pilates var den fyrste pilatesutdanninga som blei godkjend i henhold til denne standarden både nivå 3 og 4 . 

Ei utdanning ved Body Control Pilates er eit kvalitetsstempel som gjev deg ein mykje gratis i marknadføringssamanheng. I ei undersøking svarte 75 % av BCP-instruktørane at dei ikkje trengde marknadsføring som følge høg medieoppmerksomheit og gode referansar frå fornøgde kundar.

For informasjon om kursinnhald, klikk her.